Misjonær i det arabiske beltet

8. desember 2011 kl. 14:15 | i Nyhende | Ingen kommentarar

Program Tysdag 13. des kl 20, Onsdag kl 08.10 og 13.10
Enejan og Batyr på RundeI 2001 kom tre turkmenske familer som FN-/kvoteflyktningar til Herøy. Desse hadde flykte frå Turkmenistan fordi dei høyrde til ein svært liten kristen minoritet. Dei vart fråtekne alle sivile rettar og mennene vart sette i fengsl, og utsett for tortur, fordi dei dreiv misjonering. Etter mange problem og opphald i fleire land kom dei til Noreg.
–>

Redaktør Arne har slutta

30. oktober 2011 kl. 00:12 | i Nyhende | Ingen kommentarar

Ansvarleg redaktør Arne O. Grimstad har, i ein alder av 89 år, bede seg friteken frå redaktøransvaret. som takk for innsatsen fekk han under fredaskveldsendinga overrekt ein plakett/fat med radioen sin ligo og takk for lang og tru teneste. Som ny ansvarleg redaktør har Paul Sundnes teke over.

Generalforsamlinga valde Olav H. Kvalsvik som ny styreleiar, etter at Paul Sundnes sa frå seg attval. Sundnes har vore styreleiar sidan Bygderadio Vest vart skipa i 2000. Rigmor Halset Kvalsvik vart nestleiar.
Olav Kvalsvik var på 1990-talet aktiv i RadioVest. Han hadde då som særoppgåve å rapportere frå Hødd sine fotballkampar, som den gongen vart direktesende..
Etter mange år som busett i Oslo og Brasil kom han for 3 år sidan tilbake til Herøy. Kvalsvik, Sundnes og Magne Kopperstad er no radarparet som står for kveldssendingane frå studio i Fosnavåg.

Redaktørskifte i Bygderadioen

Hurtigrutetur langs kysten

17. juni 2011 kl. 17:37 | i Nyhende | Ingen kommentarar

I dag starta NRK2 sitt store program, kysten til endes med hurtigruta Klokka 7.30 kom Nord-Norge til Herøyterminalen, første stoppestad i Møre og Romsdal. Det var stort frammøtet på kaia.
Størst var nok Herøyspelet si markering med kor i vikingmundur. Dei song to av dei mest kjende songane i spelet. Passasjerane stod langs rekka og foto og film vart det mykje av. Meste filminga stod nok likevel NRK for, som kom på land med to kamera, som leverte signal tilbake til redigeringsrommet ombord, og rett på lufta til heile landet..
NRK sin naturreporter drog, saman med ein del turistar, på havraftingtur rundt Runde og til Ålesund.
Det nystarta Einedalen skulekorps vinka til avskjed.
Hurtigruta kjem
Farvell til hurtigruta

Send inn helsingar på e-post

21. november 2007 kl. 12:20 | i Nyhende | Ingen kommentarar

Bygderadioen har eiga heimeside, og ein kan no sende helsingar, som ein vil ha fram gjennom nattsendingane på epost.

  • Adressa er då: helsing@bygderadiovest.no

  • Vann storgevinst på Bygderadioen

    9. mars 2007 kl. 12:21 | i Nyhende | Ingen kommentarar

    BingovinnarDavanh (22) frå Laos er for tida på besøk hos kjærasten Ole Bjørn Bigset og familien hans på Hareid. Sist mandag vann ho jackpot i radiobingoen til Bygderadio Vest. Utbetalinga var på heile 18.000 kroner (mandag 16. Januar, 09:01)!

    - Eg trudde det ikkje sjølv, det var heilt utruleg. Fantastisk moro vinne, seier Davanh til Vikebladet/Vestposten. Ho er rask med å tilføye at ho har vunne på radiobingo ein gong før, men den gongen “berre” 250 kr.
    - Eg har aldri vunne så mykje pengar før, fortel ho.

    Laga med WordPress. Design: Pool theme av Borja Fernandez.
    RSS: innlegg | kommentarar. XHTML-og CSS-validert. ^Til toppen^